Flekke 
skule og barnehage

 6968 Flekke

Skulen 57 73 98 30
SFO 57 73 98 35
Barnehagen 57 73 98 40
Faks 57 73 98 31
Rektor 57 73 98 32


 

   

Abonner på nytt

Din Epost-adresse:

Julegraut

Måndag 13. desember hadde skulen og barnehagen bydd inn til fest!

Alle ungane fekk be med seg foreldre, syskjen og besteforeldre. Og jammen var det mange som ville komme! Det var omlag 130 personar samla i gymsalen som var fint pynta med det ungane har laga i adventstida.
Barnehagen opne ballet med Lucia-opptog og song. Deretter måtte vi rope på nissane slik at dei kunne servere oss graut, kaffi, heimebaka julekaker og luccekattar. Til slutt var alle med på den daglege adventstunda før elevane på akulen hadde litt program.

Utedag for storskulen

Tysdag 14. desember hadde storskulen utedag i Stavsdalen.
Vi hadde med oss ein kjekk gjeng ut. Alle jobba godt og leika fint. Vi laga krans av granbar, hogg juletre og laga fuglemat. I tillegg laga vi bål som vi varma mat og drikke på. Veldig godt!

Adventskalender

Foreldra til 5., 6. og 7. klasse har hatt dugnad og laga adventskalender til elevane.

I år får elevane ein adventskalender med tema "Solsystemet". Kvar dag opnar elevane ein pakke som foreldra og lærarane har laga til. I pakken finn dei gjerne ein ting som passar til temaet, pluss faktakort og kanskje ein quiz eller andre oppgåver. Både elevane og vi lærarar er fornøgde med opplegget, og vi trur foreldra kosa seg den kvelden dei var på skulen og laga til adventskalenderen. Det var faktisk ein far som måtte gå heim litt tidlegare, noko han ga uttrykk for at han ikkje hadde lyst til :)



 

SKØYTER I DESEMBER.

Onsdag 8. desember prøvde 5.-6. og 7.klasse skøytene sine på Igelkjønna. Flotte forhold og vi hadde det moro.
Kip Sumner henta oss alle på skulen kl. 12.00.  Han hadde med skøyter til dei som ikkje hadde med.
To kjekke gymtimar på isen.
Nytt frå Fjalerskulen

Fjaler Ungdomsskule

Skriftleg eksamen: Engelsk og norsk.

I dag fekk vi melding om kva fag tiandeklassen kjem opp i. Liste over datoar, informasjon frå Udir, og vurderingsrettleiing finn du her.
Les meir »

Dingemoen Skule

Guds Gjøgler

Fredag 30.mars får vi sjå teaterframsyninga "Guds Gjøgler" . Guds Gjøgler er ei poetisk forteljing basert på middelalderlegenda om gateguten Santiago som veks opp til å bli ein berømt sjonglør.Dette er ei historie om framgang og nedgang i eit menneskeliv fortalt gjennom Flamencomusikk og sjonglering.
Les meir »

Våge Skule

Nest best på Tinestafetten 2012

7. og 9. klasse heiv seg rundt fortare enn fluga for å delta på Tinestafetten i Askvoll i dag.
Les meir »

Guddal Skule

Referat frå styremøte i Guddal grendelag 03.05.09

Her kan du lese referatet frå møtet i Guddal grendelag 03.05.09.
Les meir »

Søk

Laksefiske i Flekke